Barnekoordinator - hjelp til barn som er pårørande

Når nokon i familien har gått bort, er alvorleg sjuke, er i fengsel eller på andre måtar har det vanskeleg, påverkar det heile familien - også barn og ungdom.

Vi veit at alle foreldre vil det beste for barna sine. Men i tunge periodar kan det vere vanskeleg å strekke til, og ein kan ha bruk for råd og støtte for korleis ein best mogleg skal ivareta sine barn og unge i ei krevjande tid.

Barnekoordinator er eit tilbod til barn, ungdom og foreldre i Bjørnafjorden kommune, der foreldra sjølve, søsken eller andre nære har helsemessige eller andre vanskar.
Barnekoordinator kan tilby samtalar med barn, unge og føresette i ein tidsbestemt periode. Barnekoordinator samarbeider òg tett med ulike fagpersonar, til dømes helsesjukepleiarar og psykolog i Familieteamet.  

Slik tar du kontakt

Føresette og ungdom over 16 år kan kontakte oss sjølve. Du treng ikkje tilvising. All hjelp er gratis.

Kontakt

Beate Botnevik
Barnekoordinator
Mobil: 480 32 152
Til toppen