Familieteamet

Familieteamet i Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge opptil 18 år og familiar som strevar med ulike problemstillingar knytt til psykisk helse, trivsel og samspel.

Vi tilbyr samtalar og rettleiing til barn, unge og føresette i ein tidsbestemt periode.

Kven er Familieteamet og kva gjer vi?

Familieteamet er sett saman av fagpersonar frå ulike einingar i kommunen. Vi gjer ei fagleg vurdering av kven frå familien som skal møte til samtalane, avhengig av barnet sin alder, problemstilling og familiesituasjon. Vi samarbeider òg med andre tenester i kommunen når det er hensiktsmessig, slik at vi kan hjelpe best mogleg.

Første gong vi møtest, utforskar vi problemstillinga saman. Vi tar utgangspunkt i det som familien eller den enkelte opplever som vanskeleg, og legg ein plan for det vidare arbeidet.

Ein kommunepsykolog leier Familieteamet. Sjå: Informasjon om kommunepsykolog-tilbodet for fastlegar og tilsette i barnehagar, skular og fagtenester

Slik tar du kontakt med oss

Føresette og ungdom over 16 år kan kontakte oss sjølve. Du treng ikkje tilvising. 
Ring telefon 94 85 28 14 (ikkje SMS). Telefontid er måndag, tysdag og torsdag, kl. 12.15-13.15. 

Kontakt

Familieteamet
Telefontid måndag, tysdag og torsdag kl. 12.15-13.15
Telefon: 94 85 28 14
Til toppen