Informasjon om kommunepsykolog-tilbodet for fastlegar og tilsette i barnehagar, skular og fagtenester

Kommunepsykologane i Bjørnafjorden kommune arbeider både på systemnivå og direkte med barn, unge og familiar gjennom lågterskeltilbodet Familieteamet.

Familieteamet i Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge opptil 18 år og familiar som strevar med ulike problemstillingar knytt til psykisk helse, trivsel og samspel. Familieteamet tilbyr samtalar og rettleiing til barn, unge og føresette i ein tidsbestemt periode.

Føresette og ungdom over 16 år kan ta direkte kontakt sjølve. Du treng ikkje tilvising. Les meir om Familieteamet

Fastlegar, barnehagar, skular og fagtenester kan formidle kontaktinformasjon til Familieteamet, men det er ikkje mogleg å tilvise.
Barn og unge som treng diagnostisk utgreiing og/eller meir omfattande oppfølging over tid, bør visast til BUP for vurdering av retten til helsehjelp. Då må føresette ta kontakt med fastlege for tilvising, i samarbeid med den aktuelle fagtenesta.

Kommunepsykologane er tilgjengelege for konsultasjon for fastlegar, barnehagar, skular og tilsette i fagtenestene i kommunen.

Kontakt

Linda Hevrøy
Leder
Telefon: 56575113
Mobil: 97156989
Til toppen