Helsestasjon for barn 0-6 år

Alle barn som bur i Bjørnafjorden kommune får oppfølging av dei to helsestasjonane våre med tilbod om heimebesøk, besøk på helsestasjon, helseundersøking, vaksinasjon, rettleiing og rådgiving av helsesjukepleiar og lege.

Når du har fødd eller adoptert eit barn, tar vi kontakt med deg for å avtale tid for heimebesøk. Har du nettopp flytta til kommunen? Då vil vi gjerne at du tar kontakt med oss.

Her finn du helsestasjonane i Bjørnafjorden kommune

Osøyro helsestasjon

Vi held til i 1. etasje i Bjørnafjorden rådhus. Velkommen!

  • Helsestasjonen er open frå klokka 8 til 15 (til klokka 17 måndag).Venterommet fungerer som ope hus på dagtid, sjølv om du ikkje har avtale.
  • Ring 56 57 51 64/56 57 50 00 eller kom innom.
  • Sjå oversikt og telefonnummer til helsesjukepleiarane ved Osøyro helsestasjon.

Eikelandsosen helsestasjon

Vi held til i 2. etasje i nye Fjord'n Senter. Velkommen!

  • Helsestasjonen er open frå klokka x til x.
  • Ring 56 58 01 00 eller kom innom.
  • Sjå oversikt og telefonnummer til helsesjukepleiarane ved Eikelandsosen helsestasjon.

Målet med helsestasjonsprogrammet er 

  • at foreldre opplever meistring i foreldrerolla
  • å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
  • å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn
  • å førebygge, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
  • å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • å bidra til at barn får oppfølging og blir viste vidare ved behov

Faste kontrollar for barn 0-6 år

Sjå oversikt over faste kontrollar ved helsestasjonen

Ved dei faste kontrollane måler vi lengde og vekt, undersøker barnet si utvikling, gir råd og svarer på alle typar spørsmål. Møt gjerne i god tid slik at barnet kan gjere seg litt kjent på helsestasjonen før det skal inn til helsesjukepleiar eller lege.

  • 7-10 dagar: Heimebesøk til nyfødde
  • 4 veker: Gruppe eller individuell konsultasjon hos helsesjukepleiar
  • 6 veker: Helsesjukepleiar og lege, inkludert vaksine
  • 3 månader: Helsesjukepleiar, inkludert vaksine
  • 4 månader: Gruppe med helsesjukepleiar (og fysioterapeut på Eikelandsosen helsestasjon)
  • 5 månader: Helsesjukepleiar , inkludert vaksine
  • 6 månader: Helsesjukepleiar og lege
  • 7-8 månader: Gruppe med helsesjukepleiar
  • 10 månader: Helsesjukepleiar
  • 12 månader: Helsesjukepleiar og lege
  • 15 månader: Helsesjukepleiar, inkludert vaksine
  • 18 månader: Gruppe med helsesjukepleiar
  • 2 år: Helsesjukepleiar og lege
    • Link til skriv om 2-åringen
  • 4 år: Helsesjukepleiar
    • Link til skriv om 4-åringen

Du vil få innkalling til den første undersøkinga i posten. Deretter vil du få innkalling på SMS.

Vaksinasjon

Helsestasjonane tilbyr dei vaksinane som inngår i barnevaksinasjonsprogrammet. Barnevaksinasjonsprogrammet startar vanlegvis når barnet er 6 veker, og følger dette programmet. Vaksinane blir gitt i samband med dei faste undersøkingane. Ta kontakt med fastlegen for vaksinar utanom programmet.

Kvifor vaksinere?

Ammerettleiing

Begge helsestasjonane i Bjørnafjorden kommune er godkjende som ammekyndige helsestasjonar. Jordmødrene gir ammeførebuande informasjon i svangerskapet. Etter fødselen tilbyr Nærjordmorsenteret ammerettleiing dei første dagane, etter kvart tar helsesjukepleiarane over. Vi følger faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming.

Sjå meir informasjon om amming på helsenorge.no og ammehjelpen.no

Foreldrerettleiing

Å vere foreldre betyr små og store utfordringar. Vi er mange i kommunen som tilbyr hjelp til foreldre og barn. Du kan ta direkte kontakt med oss på helsestasjonane eller snakke med andre tenester. Les meir om tilbodet her.

Fysioterapi

Helsestasjonane samarbeider tett med fysioterapitenesta i kommunen. Eikelandsosen helsestasjon har fysioterapeut til stades i gruppene ved 4 månaders alder. Osøyro helsestasjon har fysioterapeut til stades på helsestasjonen nokre timar annakvar veke.

Lenker til nyttig informasjon om barnet ditt og deg

Det kan vere vanskeleg å orientere seg i jungelen av råd til småbarnsforeldre. Her finn du lenker til informasjon som vi som jobbar på helsestasjonane synest er god og nyttig.

Tilbod til førstegongsforeldre

Til toppen