Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til deg mellom 13 og 20 år. Her kan du snakke med helsesjukepleiar og lege.
Vi kan gi råd, rettleiing og tilby undersøking om det trengs. Vi kan vise deg vidare til andre hjelpetenester og spesialistar, dersom det er behov for det. 
Alle vi som jobbar på helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Her finn du oss

Helsestasjon for ungdom Osøyro

  • Du finn oss i 2. etasje i Rådhuset, inngang B
  • Opningstid: Tysdagar kl. 14.30 - 16.30. Helsestasjon for ungdom er stengt i skuleferiar.
  • Du treng ikkje timebestilling

Helsestasjon for ungdom Eikelandsosen

  • Ring oss på 

Helsestasjon for ungdom

Aktuelle tema å ta opp på helsestasjon for ungdom
  • Vanskeleg livssituasjon
  • Mistrivsel og psykiske problem
  • Spiseforstyrringar
  • Rusproblem/røykeslutt
  • Mobbing
  • Sjølvmordstankar
  • Helseopplysning, t.d. kropp, utvikling, fysisk aktivitet, kosthald
  • Prevensjon, seksualitet og samliv
  • Seksuell legning
  • Kjønnssjukdomar
  • Seksuelle overgrep og vald
  • Tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Andre tilbod

Andre tilbod
  • Gratis kondomar
  • Test av kjønnssjukdomar
  • Resept på p-piller
  • Gratis graviditetstest
  • Resept på p-stav
  • Innsetting og fjerning av p-stav

Nyttige telefonnummer

Nyttige telefonnummer
  • Legevakta: 116 117
  • Medisinsk nødnummer: 113
  • Røde kors kontakttelefon for barn og unge: 800 33 321
  • Kirkens SOS krisetelefon: 815 33 300
  • Telefonen for seksuell helse: 810 02 244
  • Ungdomstelefonen for lesbiske og homofile: 810 00 277
Til toppen