Svangerskapskontroll

Er du gravid? Då kan du få tidleg samtale, svangerskapskontroll og individuelt tilpassa oppfølging på Osøyro nærjordmorsenter eller på Eikelandsosen nærjordmorsenter.

Her finn du oss

  • Osøyro nærjordmorsenter finn du i 2. etasje i Bjørnafjorden rådhus, inngang B på Osøyro. 
  • Eikelandsosen nærjordmorsenter finn du i Fjord'n senter i Eikelandsosen.

Slik bestiller du time hos jordmor

  • For å bestille, bytte eller avbestille time, ring 56 57 51 64/56 57 50 00. For Eikelandsosen kan du òg ringe 48 99 62 72.
  • Eikelandsosen: For å bestille, bytte eller avbestille time 
  • For å bestille time til første konsultasjon hos jordmor kan du òg sende e-post

Oppgi namn, adresse, telefonnummer og termindato, så tar vi kontakt med deg. Vi vil òg gjerne vite om du er første- eller fleirgongsfødande og om du treng tolk.
 

Sjå nyttig informasjon på Gravid - helsenorge.no 

Til toppen