Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Tuberkulosekontroll

Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. Tuberkuloseundersøkinga består av røntgenfotografering av lungene og blodprøve. 

Tuberkulose er ein infeksjon som kan ramme ei rekke organ, og som kan vere livstrugande utan behandling. Undersøkinga er ein del av kommunen sitt program for å førebygge tuberkulose.

Ein person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre.

Timebestilling

Ring Bjørnafjorden kommune på telefon 56 57 50 00, og spør etter helsestasjonen.

Målgruppe

Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:

  • Personar som skal opphalde seg meir enn tre månader Noreg, som må ha opphaldsløyve, registreringsbevis eller opphaldskort og som kjem frå land der tuberkulose er utbreidd 
  • Flyktningar og asylsøkarar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
  • Personar som skal arbeide i helse- og sosialtenesta, som lærarar eller i andre stillingar der dei har kontakt med barn, og som i løpet av dei siste tre åra har kome frå eller opphalde seg minst tre månader i land der tuberkulose er utbreidd

Kor tidleg må undersøkinga skje?

Kommunen skal syte for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd. Flyktningar og asylsøkarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga. 

Pris

Tuberkuloseundersøkinga er gratis, inkludert transportutgifter.

Til toppen