Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Det gode samspel - musikkstund for barn og foreldre

Alle førstegongsfødande i Bjørnafjorden kommune får tilbod om Det gode samspel – musikkgrupper med foreldre og barn, der vi syng, dansar og leikar med barna. 

Musikk er språket vi alle uttrykker oss på, før vi lærer å snakka. Vi bruker ansiktsuttrykk og lydar for å gjera oss forstått. Musikken, songen og dansen hjelper oss til å ta vare på dette språket, som kommunikasjonsmiddel mellom oss sjølve og barna våre.

Det gode samspel

Tid: Åtte onsdagar frå kl 11.30–12.30 (inkluderer lunsjpause).
Stad: Oseana kunst- og kulturhus
Pris: 300 kroner
Musikkpedagog: June Strønen
Helsesøster: Silje Fjeldsbø
Fysioterapeut: Kristin Lande

Slik melder du deg på 

Alle førstegongsfødande i Bjørnafjorden kommune får tilbod om Det gode samspel når barnet er om lag tre til fire månader. Tilbodet kjem i posten, med svarfrist for påmelding. 

Er du førstegongsfødande, men har ikkje fått informasjon om tilbodet? Ta kontakt med oss på helsestasjonen.

Er du ikkje førstegongsfødande, men har lyst til å vere med på musikkstund for barn og vaksne? Bjørnafjorden kulturskule tilbyr "Musikk fra livets begynnelse" (0-3) og musikkbarnehage (3-6 år).

Til toppen