Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Trygg start – tettare oppfølging i svangerskapet og småbarnstida

Trygg start er eit frivillig og gratis tilbod til familiar som kan ha nytte av tettare oppfølging i svangerskapet og i spedbarns- og småbarnsperioden.

Kva tilbyr vi?

Familien og vi som jobbar i Trygg start-teamet startar kontakta medan mor er gravid. Trygg start-teamet består av jordmor og helsesjukepleiar. Vi samarbeider med psykolog dersom den gravide ønskjer det. Du som er gravid vil få tett oppfølging av jordmor i svangerskapet og ved behov i barseltida. Helsejukepleiar følger opp med jamlege heimebesøk frå barnet er fødd.

Alle familiar er ulike og har ulike behov. Vi tilpassar oppfølginga til kvar familie og har fokus på å gi foreldre tryggleik til å meistre foreldrerolla. Tilbodet kan gjelde fram til barnet fyller to år og kan avsluttast før, om familien ønskjer det.

Kven er tilbodet for?

Du/de kan ha utfordringar knytte til fysisk og/eller psykisk helse. De kan òg vere unge, einslege, ha erfaringar med rusmisbruk eller andre utfordringar i familien, vere nytilflytta med språklege/sosiale forhold eller andre utfordringar som påverkar foreldrerolla.

Tilbodet er gratis.

Slik tar du kontakt

  • Du kan sjølv ta kontakt med jordmor på telefon 476 78 276 eller kontor 56 57 51 64. Fastlege, familie, nettverk og samarbeidspartnarar kan også ta kontakt.
  • For å bestille time til første konsultasjon hos jordmor kan du òg sende e-post til fht@os-ho.kommune.no
  • Oppgi berre namn, adresse, telefonnummer, termindato og om du treng tolk, så tar vi kontakt med deg.

Her finn du oss

Osøyro nærjordmorsenter ligg i 2. etasje i Bjørnafjorden rådhus, inngang B.
Eikelandsosen nærjordmorsenter ligg i Fjord'n senter i Eikelandsosen.

Velkommen til oss!

Til toppen