Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Tryggleikssjukepleiar

Tryggleikssjukepleiar er ein erfaren sjukepleiar som kan gi råd, rettleiing og informasjon om helsefremjande og førebyggande tiltak.

Målet er å skape tryggleik og trivsel, og styrke meistring av kvardagen, slik at du kan bu i eigen heim så lenge som mogeleg.

Kven er tilbodet til?

Alle over 77 år som ikkje allereie mottek tenester frå pleie- og omsorgstenesta i kommunen. 

Kva kan vi tilby?

Tryggleikssjukepleiar tar kontakt per brev med tilbod om eit førebyggande og helsefremjande heimebesøk av ein erfaren sjukepleiar.
Samtalen kan dreie seg om, til dømes:

  • Korleis du opplever kvardagen
  • Trivsel, nettverk og nærmiljø
  • Fysisk aktivitet og kva aktivitetar som er viktige for deg
  • Kosthald og ernæring
  • Bustaden din, og om du er trygg i heimen
  • Informasjon om kommunale tilbod og andre tenester
  • Det du elles måtte ønskje å snakke om

Du kan óg få hjelp til å fylle ut eventuelle søknader. Tryggleikssjukepleiar har teieplikt.

Vi arrangerer seniortreff for 77-åringar to gonger i året (mars og oktober).

Korleis går eg fram for å få hjelp?

  • Du eller dine pårørande kan ta direkte kontakt med tryggleikssjukepleiar på telefon eller e-post.
  • Du treng ingen søknad eller tilvising

Pris

Tilbodet er frivillig og utan kostnad.

 

Til toppen