Fullteikna: Kurs i kvardagsglede - og golf

Soheb Zaidi Awin/Unsplash  Slå eit slag for kvardagsglede!

Visste du at du kan få ein betre kvardag med fem enkle grep?
Forskning viser at nettopp desse grepa har stor innverknad på livskvaliteten din:

  • Å vere merksam
  • Å vere aktiv
  • Å gi
  • Å knyte band
  • Å fortsette å lære

Bjørnafjorden Friskliv og meistring inviterer deg med dette til eit kurs i kvardagsglede og golf - ein aktivitet som kombinerer alle dei fem grepa.

Kva meiner vi eigentleg med kvardagsglede

Vi har ikkje nokon fiks ferdig definisjon, men det handlar kort fortalt om å ha det bra i kvardagen.
Kvardagsglede er dei små, enkle tinga du sjølv kan gjere for å oppleve meistring, glede og meining.

I Kvardagsglede-kurset utforskar vi korleis du kan bruke dei fem grepa i kvardagen din.  Vi kombinerer dette med å bli kjende med golf - ein aktivitet som kombinerer alle dei fem grepa for kvardagsglede.

Bjørnefjorden golfklubb er vår gode samarbeidspartnar. Dei bidrar med bane, instruktør og utstyr for at du skal få ei god og morosam oppleving med golf.  

Praktisk informasjon

  • Kurset går over fem onsdagar, kl. 10.15-11.45. Oppstart onsdag 25. mai 2022
  • Golf kl. 12-14
  • Ta med matpakke og drikke
  • 12 plassar

Stad: Bjørnefjorden golfklubb, Hatvikvegen. Sjå kart
Kursavgift: kr 250,-

For meir informasjon og påmelding: 

Send e-post til Karen  eller send e-post til Kristin
 

Til toppen