IBS – å meistre livet med irritabel tarm
Kurset er for vaksne med diagnostisert irritabel tarmsyndrom (IBS) og går over fem gonger/veker.
Kurstilbodet er i regi av Friskliv og meistring, klinisk ernæringsfysiolog og fysioterapeut i eining for helsefremming og rehabilitering i Bjørnafjorden kommune.
Mål med kurset
Å lære å meistre symptom og utfordringar knytt til IBS, gjennom:
- auka forståing for kva IBS er
- auka kunnskap om korleis livsstilfaktorar som mat og kosthald, stress, pust og bevegelse påverkar symptombiletet
- å møte andre i same situasjon
- hjelp til sjølvhjelp - meistring, ikkje behandling
Pris
500 kroner for heile kursrekka.
Viktig informasjon
Grunna smittevernomsyn er det berre plass til eit avgrensa tal på deltakarar på kurset. Det vil derfor ikkje vere mogleg å ta med seg pårørande på kurset.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med klinisk ernæringsfysiolog Ingvild Marienborg på e-post.
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 19.04.2021 12.02