Kom i gang med fysisk aktivitet i 2022

Kurset Kom i gang er for deg som er motivert for å komme i gang med regelmessig fysisk aktivitet, men som ønskjer støtte eller ein ekstra dytt for å få det til.

Målet med kurset er at du får ein god start med endringa og aktivt prøver ut verktøy for å kunne fortsette på eiga hand.

Kurset inneheld:

  • 12 veker oppfølging.
  • Tilbod om ulike aktivitetar – både på Os- og Fusa sida.
  • Helsesamtale før og etter kurs.  Saman har vi fokus på din motivasjon for endring og mål for vegen vidare.
  • Undervisning i ulike tema for varig endring.

 

Ei trening varar 30-45 min og vi tilpassar aktivitetane til gruppa sitt nivå. I tillegg  til trening, vil du undervegs få innsikt i ulike tema som kan vere nyttig for å kunne ta ansvar for, og ta vare på eiga helse.  Både psykisk og fysisk. 

Eksempel på tema er søvn, stressmeistring, kosthald, mental trening, motivasjon og endring av vanar.

Kurshaldar er Kristin Almås og Karen Hope Nilsen frå friskliv og meistring.

Oppstart Januar 2022
Kurset er gratis.

NB! Dersom du vil delta på aktivitetar i basseng / Os Actic / Framo Aktiv kostar det billettpris eller medlemskap i tillegg. Ta kontakt for informasjon.

Påmelding på Friskus.com

Du kan kontakt på e-post dersom du har spørsmål om kurset krialm@bjornafjorden.kommune.no  

Alle som deltar skal ha ei helsesamtale i forkant av kurset, og får tilbod om ei helsesamtale i etterkant.

 

Til toppen