Kurs i å meistre smerter

Foto: Simen Soltvedt

Har du utfordringar i kvardagen på grunn av smerter? Kunne du tenke deg å lære meir om korleis du kan gjere kvardagen betre?

Om kurset

Smerte er individuelt og ofte samansett. Uansett om smerten er konstant eller kjem og går, kan han ofte vere ei hemming i kvardagen. Korleis kan du ta tilbake livet og la smertene ta mindre plass?

Kurset består av undervisning, refleksjonsoppgåver, heimearbeid og praktiske puste- og avspenningsøvingar. Kurset er hovudsakleg basert på kognitiv åtferdsteori.

Kven er kurset for?

Kurset er for deg som har utfordringar i kvardagen på grunn av smerter, og som er motivert for å lære meir om korleis du sjølv kan gjere kvardagen din betre. Du må ha kapasitet til å sette deg inn i og jobbe med opplegget,  både i gruppe og sjølvstendig.

Mål for kurset

Å meistre kvardagen på ein god måte, ut ifrå eigne behov, føresetnader og ønske. Målet er ikkje å bli kvitt smertene, men å bli bevisst på grep for å kunne fylle kvardagen med meir meiningsfylt innhald og glede.

Praktisk informasjon
 

Kursstad: Osbadet 2.etg, Idrettsvegen 39 5210 Os  
Dag: torsdagar kl. 10-12
Kursdagar vinter 2023:

  • 2. februar
  • 9. februar
  • 16. februar
  • 23. februar
  • (Vinterferie veke 9)
  • 9. mars
  • 16. mars
  • 23. mars
  • 30. mars

Kurshaldarar er Karen Hope Nilsen og Kristin Almås.

Det er minimum 6 og maks 8 deltakarar på kurset.

Pris

Kurset har ein eigenandel på 300 kroner. 

Påmelding og spørsmål

Påmelding på Friskus.com eller til kahn@bjornafjorden.kommune.no

Alle som ønskjer å delta må gjennomføre ein helsesamtale før kursstart, slik at vi saman kan finne ut om kurset er rett for deg.
Har du spørsmål? Send gjerne ein e-post til Friskliv og Meistring.

Til toppen