Kurs i langvarige smerter

Foto: Simen SoltvedtHar du utfordringar i kvardagen på grunn av smerter? Kunne du tenke deg å lære meir om korleis du kan gjere kvardagen betre?

I følge Folkehelseinstituttet har 3 av 10 vaksne langvarige smerter. Dette er anten konstante smerter eller smerter som kjem og går. Smerte er ei viktig årsak til langtidssjukefråvær og uførleik.

Friskliv og meistring tilbyr kurs for dei med langvarige smerter. 

Mål for kurset

Å meistre kvardagen på ein god måte, ut ifrå eigne behov, føresetnader og ønske. Kurset består av undervisning, refleksjonsoppgåver, praktiske avspenningsøvingar og heimearbeid. Målet er ikkje å bli kvitt smertene, men å fylle dagen med meiningsfylt innhald.

Praktisk informasjon
 

Kursstad: Osbadet 2.etg, Idrettsvegen 39 5210 Os  
Dag: torsdagar kl .12.30 - ca. 15.00
Kursdagar hausten 2021: 23. september (oppstart), 30. september (kursdag 2), 7. oktober (kursdag 3), 21. oktober (kursdag 4), 28. oktober (kursdag 5), 4. november (kursdag 6), 11. november (kursdag 7), 25. november (kursdag 8).

Kurshaldare er Karen Hope Nilsen og Kristin Almås frå Friskliv og meistring. Karen har vidareutdanning innan kognitiv terapi der eitt av fordjupingsområda er langvarig smerte.

Pris

Kurset har ein eigenandel på 500 kroner. Du kan søke om betalingsfritak via fastlegen din.

Påmelding og spørsmål

Påmelding på Friskus.com

Alle som ønsker å delta skal gjennomføre ei helsesamtale før kursstart. Det er maks 8 deltakarar på kurset. Har du spørsmål kan du gjerne sende ein e-post til Friskliv og Meistring.

Til toppen