Kurs: Stress + meistring

Stressa? Lær deg korleis du kan handtere kvardagsstresset. Fransisco Moreno/Unsplash

Stress er blant dei vanlegaste helseproblema i Norge og kan vere eit stort hinder for deg som menneske.
For å kunne meistre ein hektisk kvardag er det nyttig å forstå korleis stress påverkar oss og kva du kan gjere for å redusere belastninga stress kan gi.

Stress er ein del av kvardagen for dei aller fleste av oss, og på kurset lærer du meir om korleis stress påverkar oss.
Du får med deg nokre teknikkar for å handtere stress betre. Det er måten vi taklar stress på som er avgjerande for om det blir eit problem eller ikkje.

På kurset vil vi gå gjennom stressteori - korleis tankar, følelsar og åtferd påverkar deg og korleis dei heng saman. 
Vi jobbar med grep og teknikkar for korleis du betre kan handtere stress i kvardagen din.

Tema

  • Stress og korleis det påverkar deg
  • Eigenomsorg
  • Tankane si kraft og vårt psykologiske immunforsvar
  • Din indre dialog og tankeutvikling
  • Psykologiske vitaminar
  • Vegen vidare

Kven passar kurset for?

Kurset er for deg som opplever at stress påverkar deg negativt i det daglege. Du må ha motivasjon og kapasitet til å sette deg inn i og jobbe med opplegget  både i gruppe og sjølvstendig.

Mål for kurset

Målet med kurset er å gjere deg meir bevisst på dine eigne kjelder til stress. Du vil få verktøy for å kunne førebygge og redusere negative verknader av problematisk stress – anten det er knytt til arbeidsliv, privatliv eller helse.

Kurset er i hovudsak basert på kognitiv åtferdsteori.

Tid og stad

Tysdagar kl. 14-16.30, i 2. etasje i Osbadet. 
6 kursdagar 

Oppstart 19. september 2023, påmelding innan 10. september​​

Pris

Eigenandelen er 300 kroner per deltakar for heile kurset. Minimum 6 deltakarar, maks 10.

For meir informasjon og påmelding

Send oss ein e-post. Vi tar kontakt for ein samtale i forkant av kurset, slik at vi saman kan finne ut om kurset passar for deg.