Meistringstreff er eit lærings- og meistringstilbod for vaksne som har langvarige helseutfordringar.
Alle kan ha behov for å arbeide med å styrke eiga meistringsevne, om ein har helseutfordringar eller ikkje.
Målet med dette tilbodet er å gi deg som har langvarige helseutfordringar auka livskvalitet og styrkt tru på at du har kraft i deg til å meistre livssituasjonen.
Meistringstreff gir deg moglegheiten til å utveksle erfaringar med andre i tilsvarande situasjon, og slik få ny kunnskap og nye verktøy.
Kursinnhald
- Kva er meistring?
- Tankanes kraft
- Kommunikasjon og samspel
- Meistringsstrategiar
- Motivasjon og endring
- Moglegheiter framover
Praktisk informasjon
(Ta kontakt for nærmare datoar).
- Seks samlingar, kvart treff varer 2,5 timar
- Stad: Varafjell avlastningssenter, Industrivegen 88
- I samarbeid med kreftkoordinator i Bjørnafjorden kommune
Kva kostar kurset?
Kurset er gratis.
Ønskjer du meir informasjon? Send oss ein e-post.
Publisert 19.12.2019 11.15