Sov godt - eit søvnkurs

Søv du dårleg? Det er god hjelp å få. Matthew Henry/Unsplash

Å streve med søvnen er noko dei fleste av oss opplever frå tid til annan. Men du kan få mykje betre søvn med relativt enkle grep - og heilt utan medisinar. Dette er utgangspunktet for søvnkurset "Sov godt".

Kven er kurset for?

Kurset er for deg som opplever at søvnvanskar (insomni) går ut over kvardagen, og som ønskjer å forbetre søvnkvaliteten utan bruk av medikament. Du må ha motivasjon og kapasitet til å setje deg inn i og jobbe med opplegget både i gruppe og på eiga hand.  

Målet med kurset er at du skal lære om søvn, søvnrestriksjon og søvnvanar som kan gjere at du søv betre.

På kurset får du verktøy mot insomni basert på kognitiv terapi (stimulikontroll og søvnrestriksjon), som kan hjelpe deg å meistre søvnplager og bekymringstankar som ofte følgjer med.

Du får kunnskap om søvnproblem og korleis du kan jobbe systematisk for å etablere gode søvnvanar.  Dei første kursøktene vil vare i om lag 2 timar, deretter i 1,5-2  timar.

Sentrale tema: 

  • Korleis forstå søvnproblem?
  • Søvnrestriksjon
  • Ei kognitiv tilnærming til søvnproblem
  • Kartlegging av søvnmønster: søvndagbok og søvnhygiene
  • Stimuluskontroll, vanar og vaneendring
  • Mentale strategiar: Korleis forhalde seg til kvernetankar, bekymring og grubling?

Du kan laste ned arbeidsheftet på kognitv.no/sovnproblemer

Kursavgift kr 300,-

Det er viktig at du set av tid mellom kvar kursøkt til å jobbe med søvnutfordringane dine.

Stad

Osbadet, møterom 2. etasje hos Friskliv og meistring.

For meir informasjon: 

Ta kontakt med oss på e-post: frisklivogmeistring@bjornafjorden.kommune.no
Bli gjerne medlem i Facebook-gruppa vår Friskliv og meistring Bjørnafjorden