Vil du ha ein frisk start på dagen i lag med oss?

Greg Rosenke/Unsplash

Ver sosial, ha det kjekt og kom i litt betre fysisk form utover våren! 

Frisk start er eit gratis tilbod til deg som vil komme deg opp frå godstolen, over dørstokken og i aktivitet - saman med andre. I mai og juni tilbyr Friskliv og meistring Bjørnafjorden utandørs morgontrening!

Øktene varer om lag 45 minutt og inneheld blant anna turgåing, lett styrketrening med strikk, lett kondisjonstrening og god stemning – ein frisk start på dagen!

Visste du at...

....regelmessig fysisk aktivitet gir auka livskvalitet for alle, uansett alder. Trening utløyser endorfiner som aukar velvære og reduserer stress. Trening kan også gi betre hukommelse, læring, søvn og færre psykiske plager. Fysisk aktivitet kan gi auka meistring, vitalitet og overskot. Fysisk aktivitet får tankane dine over på eit meir positivt spor.

Kjelde: psykiskhelse.no/hverdagsglede

Tid og stad

  • Tider for 2023 kjem.
  • Oppmøte ved Fusatun, Venjanesvegen 136, 5641 Fusa Sjå kart

For meir informasjon: 

Ta kontakt med oss på e-post: frisklivogmeistring@bjornafjorden.kommune.no
Bli gjerne medlem i Facebook-gruppa vår Friskliv og meistring Bjørnafjorden

Tilbodet er gratis.

Trening og tilbod i regi av Bjørnafjorden Friskliv og meistring skjer på eige ansvar. Ta kontakt med fastlegen din dersom du er usikker på om du kan delta av helsemessige årsaker.