Meistringstreff

Meistringstreff er eit lærings- og meistringstilbod for vaksne som har langvarige helseutfordringar.

Alle kan ha behov for å arbeide med å styrke eiga meistringsevne, om ein har helseutfordringar eller ikkje.
Målet med dette tilbodet er å gi deg som har langvarige helseutfordringar auka livskvalitet og styrkt tru på at du har kraft i deg til å meistre livssituasjonen.
Meistringstreff gir deg moglegheiten til å utveksle erfaringar med andre i tilsvarande situasjon, og slik få ny kunnskap og nye verktøy.

Kursinnhald

  • Kva er meistring?
  • Tankanes kraft
  • Kommunikasjon og samspel
  • Meistringsstrategiar
  • Motivasjon og endring
  • Moglegheiter framover

Praktisk informasjon

Kursstart vinter. (Ta kontakt for nærmare datoar).

  • Seks samlingar, kvart treff varer 2,5 timar
  • Stad: Varafjell avlastningssenter, Industrivegen 88
  • I samarbeid med kreftkoordinator I Os kommune

Kva kostar kurset?

Kurset er gratis.

Til toppen