Trygg trening Simen Soltvedt Treng du ein ekstra dytt for å kome i gang med regelmessig trening? "Trygg trening" er ei treningsgruppe for deg som vil kome i betre form, men som av ulike årsakar kvir deg til å gå på treningssenter. Vi trener i ein time, éin dag i veka i trygge omgjevnader. Timen består av lett oppvarming og styrketrening som du kan tilpasse ditt nivå - ikkje noko hardkøyr. Ein godkjend treningsinstruktør frå Actic Osbadet leier treninga. Kven er tilbodet for? Personar i yrkesaktiv alder som treng hjelp til å kome i gang med trening. Tilbodet er gratis. Trening skjer på eige ansvar. Tid og stad Torsdag kl. 11.00-12.00. Oppstart 23. januar 2020. Stad: Actic Os, Osbadet Påmelding innan dagen før trening. Send ein e-post for å melde deg på Publisert23.01.2020 09.53