Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som er avhengig av praktisk hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker. 

Kva kan heimehjelpa hjelpe deg med?

Heimehjelpa kan hjelpe deg med tyngre husarbeid som støvsuging og vask av golv i dei romma du brukar til dagleg, skifte på seng og vask av bad. Vi vaskar vindauge to gonger i året.

Kven er tilbodet for?

Eldre eller funksjonshemma som bur heime, og som treng praktisk hjelp til tyngre husarbeid. Tenesta føreset at du har tekniske/elektriske innretningar og anna nødvendig utstyr som er vanleg i ein heim.

Du og kommunen avgjer saman kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.

Slik søkjer du

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva kostar tenesta?

Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.

 

 

Til toppen