Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Heimesjukepleie

Heimesjukepleia gir pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i deira eigen heim. Tilbodet kan til dømes inkludere sårbehandling, personleg stell og handtering av medisin. 

Kva kan heimesjukepleia hjelpe deg med?

  • Hjelp med medisin og medisinske prosedyrar
  • Dagleg stell
  • Sårbehandling
  • Rettleiing om kosthald og helsespørsmål
  • Hjelp til å stå opp, legge deg og toalettbesøk
  • Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand, til dømes.dosere medisinar og skifte stomi

Kven kan få tilbodet?

Du som treng hjelp på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsnivå.

Kva kostar tenesta?

Heimesjukepleie er gratis.

Søk om heimesjukepleie

 

 

Til toppen