Kortvarig lån av hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel i ein kortare periode? Du kan låne hjelpemiddel frå kommunen sitt hjelpemiddellager i inntil to år. 

Dette kan du låne

  • Krykker
  • Transportrullestol
  • Toalettforhøgar
  • Dusjkrakk
  • Badekarbrett
  • Toalettstol
  • Arbeidsstol
  • Forhøgningsklossar
  • Manuelt hjartebrett

Hjelpemidla blir lånt ut frå kommunen sine hjelpemiddellager ved Luranetunet bu- og behandlingssenter, Solstrandvegen 39 i Os og Fusa bu- og behandlingssenter, Leitet 28, 5640 Eikelandsosen. Henting og retur same stad.

Kven kan få låne hjelpemiddel?

Alle som treng å låne hjelpemiddel for ein kort periode. Du må bu, eller ha mellombels opphald, i Bjørnafjorden kommune.

Treng du hjelpemiddel for meir enn to år? Les meir 

Slik går du fram

Os: Ring tlf. 56 57 55 05 / 982 34 472
Eikelandsosen: Ring tlf. 404 15 542

Kva kostar det?

Lån av hjelpemiddel er gratis.

Til toppen