Langvarig lån av hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel for ein periode lengre enn to år?
Då må du sende søknad til oss. Vi hjelper deg med ei fagleg vurdering av kva hjelpemiddel du kan ha bruk for, og vidareformidlar søknaden din til Nav Hjelpemiddelsentral i Hordaland.

Vi tilbyr

  • Kartlegging/vurdering av kva for type hjelpemiddel som passar for deg
  • Tilpassing og utprøving av hjelpemiddel
  • Reparasjon av hjelpemiddel
  • Tilbakelevering av hjelpemiddel

Kven kan søkje?

Alle som har varig nedsett funksjonsevne (minimum to år), og som treng tilrettelegging for å kunne fungere best mogleg i dagleglivet. Du må bu, eller ha mellombels opphald, i Bjørnafjorden kommune

Hjelpemidla må bli godt tatt vare på, og leverte tilbake når du ikkje lenger har behov for dei.

Treng du hjelpemiddel i mindre enn to år? Les meir

Slik går du fram for å søkje

Fyll ut dette søknadsskjemaet, skriv ut skjemaet, skriv under og send det til Bjørnafjorden kommune, avd. Rehabilitering, Solstrandvegen 39, 5200 Os

Kva kostar det?

Folketrygda dekker kostnader til hjelpemiddel, føresett at du vel det rimelegaste alternativet som dekker behovet ditt. 

 

Til toppen