Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Matlevering

Bur du heime og synest det er vanskeleg å lage middag til deg sjølv, kan du få ferdig mat levert. Du bestiller middag til så mange dagar som du ønskjer, og får levert maten ein eller to gonger i veka.

Kven er tilbodet for?

Eldre eller funksjonshemma som bur heime.

Praktisk informasjon

  • Maten kjem ferdig frå Fusa bu- og behandlingssenter. Du treng berre ta han ut av kjøpeskåpet ditt og varme han opp i vassbad eller mikrobølgeomn.
  • Levering tysdagar og torsdagar mellom klokka 11 og 14. Dersom du ikkje er heime i denne tida, treng vi nøklar til døra di slik at vi kan setje maten i kjøleskåpet ditt.
  • Vil du avbestille middagar eller stanse levering? Ring kjøkkenet på 56 58 02 10.

Pris

  • Middag med dessert kr 81,-
  • Middag utan dessert kr 74,-
  • Liten middag med dessert kr 57,-
  • Liten middag utan dessert kr 51,-

Prisane blir vurdert årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Kommunen vil sende faktura for middagane heim til deg i posten.


Slik går du fram 

Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 127 kB)

Send til Bjørnafjorden kommune, avdeling for koordinering og forvaltning, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt.

Har du spørsmål?

Ring avdeling for koordinering og forvaltning på telefon 56 57 51 82/56 57 50 35 eller send e-post.

 

Til toppen