Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Strøsand til eldre

Eldre personar er særleg utsette for fall på glatt føre, og mange av falla skjer like ved bustaden. Strøsand kan vere med på å førebygge fall.
Bjørnafjorden kommune tilbyr difor ei bøtte gratis strøsand per husstand til eldre heimebuande i kommunen.

Kven kan få strøsand?

Personar over 70 år, som bur i Bjørnafjorden kommune. Tilbodet gjeld per husstand. Dersom du ikkje kan hente sjølv eller få hjelp av andre til å hente, kan vi levere. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Slik går du fram 

Ta kontakt med Frivilligsentralen eller tryggleikssjukepleiar i Bjørnafjorden kommune for informasjon om kor du kan hente strøsand.

Til toppen