Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein alarm som eldre, funksjonshemma og sjuke ber på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar heile døgnet. Alarmen kan vere ein knapp som er festa på handleddet eller rundt halsen.

Slik fungerer tryggleiksalarmen

Tryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral, som gir beskjed vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykker ut heile døgnet dersom alarmen går.

Vi vil òg kople opp brannvarsling når vi installerer alarmen. Varsel går direkte til brannvesenet. 

Du vil få ein nøkkelboks utanfor ytterdøra, der du må ha nøkkel til ytterdøra di. Heimesjukepleia vil ha nøkkel til nøkkelboksen.

Slik søkjer du om tryggleiksalarm

Send søknaden til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Det er ingen søknadsfrist. Vi behandlar søknader etter kvart som dei kjem inn.

Kva skjer vidare med søknaden?

Kven kan søkje om tryggleiksalarm?

Personar som har auka risiko for fall, grunna redusert helse eller funksjonshemming.

Kva kostar tenesta?

Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.

Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.

Til toppen