DiabetesteamDiabetesteamet er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Teamet består av lege og diabetessjukepleiar.Diabetessjukepleiaren har eigne konsultasjonar.Målet til diabetesteamet er å gi deg som har diabetes betre oppfølging og behandling der du bur, i tett samarbeid med fastlegen og spesialisthelsetenesta.Kven kan få hjelp frå diabetesteamet?Diabetesteamet er eit frivillig lågterskeltilbod til deg som har fått diagnosen diabetes eller står i faresonen for å utvikle diabetes, og dine pårørande.Dette tilbyr vi Opplæring i eigen kontroll av diabetes, blodsukkermåling, kosthald, tablettbehandling og insulinstart. Oppfølging og kontroll av diabetes. Kurs og opplæring innan temaet diabetes i kommunane. Diabetessjukepleiar kan gjere heimebesøk ved behov.Teamet samarbeider med mellom anna fastlegar, kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta, Høgskulen på Vestlandet og diabetesforbundet lokalt.Slik går du framDu treng ingen søknad eller tilvising. Du kan sjølv ta kontakt på telefon, eller be fastlegen din ta kontakt med oss, om du heller ønskjer det.Fastlegen skal framleis ha det medisinske behandlingsansvaret, og teamet vil gi skriftleg tilbakemelding til fastlegen om innhaldet i konsultasjonen og planlagde tiltak. Her finn du oss Bjørnafjorden: Os Idrettspark 2. etg, Idrettsvegen 39, 5210 Os og Eikelandsosen helsesenter, 5640 Eikelandsosen Samnanger: Samnanger legekontor, Tyssevegen 138.Kva kostar tenesta?Tilbodet er gratis. Sist endra 16.09.2021 11:29