DiabetestenestaDiabetessjukepleiar er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Dette er eit tilbod til dei som har fått diabetes, eller står i faresona for å utvikla diabetes og deira pårørande. Diabetessjukepleiar har avtalte konsultasjonar på kontoret eller heimebesøk ved behov for det. Målet med diabetestenesta er å gi deg som har diabetes betre oppfølging og behandling der du bur, i samarbeid med fastlegen og spesialisthelsetenesta. Kven kan få hjelp frå diabetessjukepleiar? Diabetestenesta er eit frivillig lågterskeltilbod til deg som har fått diagnosen diabetes eller står i faresona for å utvikle diabetes, og dine pårørande. Tilbod Opplæring i eigen kontroll av diabetes, blodsukkermåling og kosthald. Oppfølging og kontroll av diabetes. Informasjon om tablettbehandling, oppstart injeksjonar og insulinstart, etter avtale med fastlegen. Kurs og opplæring i diabetes i kommunane. Diabetessjukepleiar samarbeider med, mellom andre, fastlegar, kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta, Høgskulen på Vestlandet og Diabetesforbundet lokalt. Slik går du fram Du treng ingen søknad eller tilvising. Du kan sjølv ta kontakt på telefon, eller be fastlegen din ta kontakt med oss. Fastlegen skal framleis ha det medisinske behandlingsansvaret, diabetessjukepleiar vil gi skriftleg tilbakemelding til fastlegen om innhaldet i konsultasjonen og planlagde tiltak. Her finn du oss Bjørnafjorden: Os Idrettspark 2. etg, Idrettsvegen 39, 5210 Os Eikelandsosen: Eikelandsosen helsesenter, 5640 Eikelandsosen Samnanger: Samnanger legekontor, Tyssevegen 138. Kva kostar tenesta? Tilbodet er gratis. Sist endra 03.04.2023 14:07