Kols-team

Kols-teamet er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune.
Målet med teamet er å hjelpe deg som har diagnosen kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom) til best mogleg helse og livskvalitet gjennom tett oppfølging i lokalmiljøet.Teamet består av ein sjukepleiar i 100 % stilling og fysioterapeut i 40 % stilling.

Kven kan få hjelp frå kols-teamet?

Alle med diagnosen kols i Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Pårørande og anna helsepersonell er også ei viktig målgruppe.

    Dette tilbyr vi

    • Opplæring og informasjon om diagnosen kols til pasientar og pårørande.
    • Råd om ernæring, medisinbruk, angst og depresjon, fysisk aktivitet og rehabilitering, lokale tilbod og røykeslutt.
    • Undervisning og kursing av tilsette i kommunane.
    • Treningsgruppe for pasientar med kols. For påmelding, ta kontakt på e-post kolsteam@bjornafjorden.kommune.no 

    Vi samarbeider med spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta, fastlegane, fysioterapeutar, ergoterapeutar, LHL Os, folkehelsekoordinator i Fusa og Samnanger og Frisklivsentralen i Os.

    Slik går du fram

    Du treng ingen søknad eller tilvising.
    Du kan ta kontakt med oss på telefon eller e-post. 
    Du vel sjølv om du vil kome til oss eller få besøk heime.

    Her finn du oss

    Bjørnafjorden kommune:

    Os Idrettspark 2. etg. Idrettsvegen 39, 5210 Os
    Eikelandsosen helsesenter, 1. etasje, Leitet 26

    Samnanger kommune:
    Samnanger helsetun, Tyssevegen 138

    Kontortid: Måndag 8-17. Tysdag - fredag kl. 8-15

    Kva kostar tenesta?

    Tilbodet er gratis.

    Kontakt

    Kols-team Bjørnafjorden og Samnanger
    Telefon: 91672069