Kreftteamet er eit tverrfagleg team med kreftsjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut i Bjørnafjorden kommune. Målet vårt er å bidra til auka livskvalitet og ein enklare kvardag for deg som har eller har hatt ein kreftdiagnose.
Kven kan få hjelp frå kreftteamet?
Kreftteamet er eit lågterskeltilbod. Det betyr at du sjølv kan ta direkte kontakt dersom du har spørsmål knytt til kreftdiagnosen. Vi veit at det å leve med kreft påverkar heile familien. Difor ønskjer vi å vere ein støttande samtalepartnar ikkje berre for deg, men òg for dine nærmaste.
Dette tilbyr vi
- Heimebesøk der kreftsjukepleiar, ergoterapeut og/eller fysioterapeut kartlegg dine ressursar, ønskje og hjelpebehov. Om nødvendig, kontaktar vi andre samarbeidspartar.
- Hjelp og råd ved smerter, kvalme, obstipasjon, tungpust og ernæring.
- Praktisk hjelp til injeksjonar.
- Fjerning av sting og administrering av veneport/Hickman-kateter.
- Hjelp til å oppretthalde og trene opp funksjonar på best mogleg måte, i tillegg til å stimulere til aktivitet i kvardagen.
- Gjennomgang av bustad og vurdering av hjelpemiddel.
- Informasjon og hjelp i samband med pasientrettar, til dømes pleiepengar, ernæring og TT-kort.
- Treningsgruppe kvar tysdag kl. 10 - 11 på Varafjell ressurssenter, Industrivegen 88. Gruppa blir leia av fysioterapeuten i teamet. Etter trening er det kaffi og prat for dei som ønskjer det.
Her finn du oss
Os Idrettspark 2. etg. Idrettsvegen 39, 5210 Os
Kontortid: Tysdag og onsdag kl. 8-15
Slik går du fram
Du treng ingen søknad eller tilvising. Du kan sjølv ta kontakt på telefon eller e-post. Det same gjeld dine nærmaste. Utanom kontortid kan du legge igjen beskjed på svararen og vi kontaktar deg.
Kva kostar tenesta?
Tilbodet er gratis.
Sist endra 16.09.2021 11:29