ROP-oppfølgingsteam

ROP står for rus og psykisk liding. ROP-oppfølgingsteamet si oppgåve er å ivareta personar som har ei psykisk liding og samstundes rusar seg. Teamet er sett saman av fagpersonar med helse- og sosialfagleg utdanning, og samarbeider tett med ruskonsulent og psykologteneste. 

Kven kan få hjelp frå ROP-oppfølgingsteamet?

Slit du eller nokon du kjenner med både rus og psykiske lidingar, kan du ta kontakt med oss.

Slik skjer oppfølginga

Oppfølginga er individuelt tilpassa kvar enkelt mottakar. Teamet og mottakaren av tenesta kjem saman fram til kva han eller ho treng hjelp til, til dømes:  

  • Tilsyn og oppfølging i bustad
  • Etablering av individuell plan
  • Kartlegging av hjelpebehov
  • Koordinere samarbeid mellom kommune og spesialisthelsetenesta

Slik går du fram

Send e-post eller ring oss, måndag til fredag, kl. 8-15.30.

 

    Til toppen