Treng du å bli testa for korona?
Dette er hovudreglar for testing:
- Du skal teste deg dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle). Barn under 12 år med lette symptom, kan sjå an eit par dagar før eventuell testing.
- Testing sjølv om du ikkje har symptom kan vere relevant dersom du er nærkontakt til personar som har fått påvist korona eller dersom du er pålagt karantene på grunn av utanlandsreise. Merk at du må vere i karantene heile perioden sjølv om du skulle få negativt prøvesvar.
- Er du helsepersonell i karantene? Ring testtelefonen for meir informasjon.
Bestill time på nett
Du kan òg bestille time på telefon 475 08 412. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag og søndag kl. 9.15-10/11-13/14-16.30.
Testinga skjer på koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.
Testen blir tatt av helsepersonell utanfor bygget medan du sit i bilen, og er overstått på nokre sekund. Avhengig av kor mange som skal teste seg, kan det vere noko kø ved teststasjonen.
Har du akutt luftvegsinfeksjon og treng legetilsyn?
Ring fastlegen din for vurdering/tilvising til koronalegevakt. Dersom fastlegen er stengt, ring legevaktsentralen på telefon 116117.
Har du generelle spørsmål om smittevern?
Ring den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015. Du kan òg ringe vår lokale smitteverntelefon på 56 57 57 57 (kl. 15-16, måndag-fredag).