Klinisk ernæringsfysiolog
Klinisk ernæringsfysiolog (KEF) i Bjørnafjorden kommune er ein rådgivar og ressursperson innan ernæringsfeltet for anna helsepersonell i kommunen.
Kva kan ein klinisk ernæringsfysiolog hjelpe med?
Klinisk ernæringsfysiolog jobbar tverrfagleg og på eit overordna nivå. Døme på arbeidsoppgåver kan vere:
- Rettleiing og undervisning av helsepersonell og kjøkkentilsette for å auke ernæringskompetansen og gi dei tilsette større tryggleik.
- Kurs og undervisning i ernæringsscreening, -kartlegging og -planlegging for helsepersonell
- Undervisning til pasientgrupper (IBS, hjarte-/karsjukdom, diabetes, KOLS, kreft)
- Bidra i prosjekt for å betre ernæringa i ulike tenester, til dømes i bustader for psykisk utviklingshemma personar
- Vere med å etablere nye rutinar og prosedyrar for ernæringsarbeid
Helsepersonell er velkomne til å ta kontakt på telefon eller e-post. Det er ikkje mogleg å henvise pasientar til klinisk ernæringsfysiolog.
Sist endra 18.12.2020 14.07