Koordinator for barn som pårørande

Når nokon i familien har gått bort, er alvorleg sjuke, er i fengsel eller på andre måtar har det vanskeleg, påverkar det heile familien - også barn og ungdom.

Vi veit at alle foreldre vil det beste for barna sine. Men i tunge periodar kan det vere vanskeleg å strekke til, og ein kan ha bruk for råd og støtte for korleis ein best mogleg skal ivareta sine barn og unge i ei krevjande tid.

Koordinator for barn som pårørande er eit tilbod til barn, ungdom og foreldre i Bjørnafjorden kommune, der foreldra sjølve, søsken eller andre nære har helsemessige eller andre vanskar.
Koordinatoren kan tilby samtalar med barn, unge og føresette i ein tidsbestemt periode. Koordinator for barn som pårørande samarbeider òg tett med ulike fagpersonar, til dømes helsesjukepleiarar og psykolog i Familieteamet.  

Slik tar du kontakt

Føresette og ungdom over 16 år kan kontakte oss sjølve. Du treng ikkje tilvising. All hjelp er gratis.

Kontakt

Beate Botnevik
koordinator for barn som pårørande
Mobil: 48032152
Til toppen