Livslyst-kursLivslyst er eit kurs for alle som har eller har hatt kreft, pårørande eller etterlatne. Kva kan vi tilby? Du får høve til å læra meir om korleis du kan takla stress og få tak i di eiga livslyst. Praktiske tips og nyttige verktøy som kan nyttast i møte med utfordringar i kvardagen. Du får høve til dela erfaringar med andre som kjenner seg att, på godt og vondt. Du får læra om korleis tankar og kjensler heng saman Kurset blir leia av Sigbjørg Eriksson og Anita Tenold Herland som begge har brei kompetanse og erfaring innan kreftomsorg. Kva tid? Kurset blir arrangert årleg. Kurset går over fire dagar, 3 timar kvar gong. Du bør delta på alle kursdagane for å få eit godt utbyte. Kursdagar for vinteren/våren 2022 Onsdag 16. mars Onsdag 23. mars Onsdag 29. mars Onsdag 6. april Alle dagar kl 13-15.30. Stad: Osbadet, Idrettsvegen 39, 2. etasje. Påmelding og meir informasjon Kontakt kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson, tlf. 46 922 958, e-post sier@bjornafjorden.kommune.no Pris Kurset kostar kr 200,-. Vipps til Helsefremming og rehabilitering, 523364.