Påmeldingsfrist 30. januar: Ny nettverksgruppe startar opp 7. februar - denne gong for ungdomsforeldre

Markus Spiske/Unsplash

Har du lyst til å forstå ungdomen din betre, slik at de kan få det betre saman? Og møte andre foreldre i same situasjon?

Nettverksgruppa "Foreldre møter foreldre" er eit gratis tilbod til barn og foreldre - inkludert middag og aktivitetar for barna.

Nyheit! Gruppa som startar opp i februar rettar seg mot foreldre til ungdom mellom 13 og 18 år. Tema vil vere tilpassa aldersgruppa.

- Å ha ein ungdom i hus kan by på små og store utfordringar. I denne gruppa vil vi ta opp tema som vi veit mange foreldre er opptatt av, seier familierettleiar og gruppeleiar, Oddveig Klakegg.

Påmelding fortløpande og innan 30. januar 2023.

- Eg klarer å tenke over kva eg seier til barnet og korleis eg seier det. Eg har blitt meir tolmodig.

Mor, tidlegare deltakar 

Gruppa skal vere ein stad der du kan få støtte og råd i foreldrerolla og møte andre i same situasjon, i samtale med familierettleiar frå Bjørnafjorden kommune og diakon i Os kyrkjelyd. 

Tilbodet er ope for alle foreldre, uavhengig av livssyn, livssituasjon og av om ein allereie mottar tenester frå hjelpeapparatet i dag. 

Det kan vere mange årsaker til at ein har lite nettverk eller kjenner at ein strevar litt i foreldrerolla. Kanskje bur du langt unna familie og venner, som elles ville ha vore naturlege å spørje om råd og hjelp.
Kanskje er det andre utfordringar som gjer at du ønskjer og treng ekstra støtte som mor eller far. 

- Fantastisk oppleving! Lærerikt og hjelpsamt. Viktig å møte folk som har same utfordringar i kvardagen som meg. Eg fekk støtte og blei forstått, lærte og diskutere opent om alt.

Mor, tidlegare deltakar 

Ved å møte andre menneske, snakke ope og dele erfaringar, gleder og bekymringar, kan du både få støtte og vere ei støtte for andre.
Bli med!

Tid og stad

  • Tunet kyrkje- og kultursenter, Øyro 49
  • Tysdag kl. 15.30-18.30: Vi startar tysdag 7. februar. 2023. Deretter møtest vi tysdagar framover: 14. februar, 21. februar, 7. mars, 14. mars, 21. mars og 28. mars.

Program og tema

  • kl. 15.30-16.30: Middag 
    Vi set oss ned saman rundt bordet og nyt ein god middag.
    Vi tar kontakt med alle påmelde i forkant for å avklare eventuelle allergiar og andre omsyn.
  • kl. 16.30-18.30 (inkl. pausar): Gruppe for dei vaksne og aktivitetar for barna/ungdomane i eit rom i nærleiken.
    Barn 0-18 år er hjarteleg velkomne til å ete middag. Vaksne aktivitetsleiarar vil vere saman med barna/ungdomane medan vi vaksne snakkar saman. Dei kan til dømes spele bordtennis, brettspel eller gjere lekser.

Kvar gong vil eit nytt tema stå sentralt, som:

  • Tryggleiksirkelen for ungdom
  • Korleis forstå ungdomen sine behov og følelsar, slik at de kan få det betre saman?
  • Kommunikasjon: Korleis snakke med ungdomen på ein god måte?
  • Korleis vere ein tydeleg vaksen? Grensesetting, rus og mediabruk. Ruskonsulent i Bjørnafjorden kommune, Carl-André Dahl, er med oss.
  • Korleis få eit positivt samspel?
  • Korleis ta vare på deg sjølv som forelder
  • Tema som gruppedeltakarane ønskjer å ta opp

Kvar gong startar gruppeleiarane med ei innleiing til dei ulike emna. Aller viktigast er samtalen oss i mellom etterpå.  

Meld deg på

Påmelding fortløpande, og innan 30. januar 2023

Kontaktpersonar

Oddveig Klakegg, familierettleiar i Bjørnafjorden kommune
Telefon: 916 54 083 

Ingrid Vik, diakon i Os kyrkjelyd
Telefon: 45 05 12 12

Tilbodet er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Os kyrkjelyd, og er finansiert med midlar frå Bufdir.