Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Fjordtreff: Dagtilbod i Eikelandsosen

Fjordtreff dagsenter er for menneske som har, eller har hatt, psykiske utfordringar. Vi er samla til sosialt samvær og andre aktivitetar. Vi reiser på hyttetur, har julebord og går på konsert eller andre kulturaktivitetar saman.

Opningstider

Vi har ope frå kl 10-14, og møtest kvar måndag og onsdag i veker med ulikt tal (oddetalsveker).
Måndagar i veker med likt tal (partalsveker) ordnar brukarane seg sjølve på dagsenteret, utan at personalet er til stades. 

Tilbudet er ope, du treng ikkje søke eller ha tilvising. Du er hjarteleg velkomen om du har lyst til å vere saman med oss.

Kontakt

Fjordtreff
Dagsenter for personar som har, eller har hatt, psyiske vanskar
Telefon: 481 37 735
Til toppen