Vi har to traumekurs i Bjørnafjorden kommune. Begge kursa er for menn og kvinner med traumereaksjonar. På det eine kurset blir det i tillegg til traumereaksjonar også hjelp med å forstå samtidig problematikk knytt til avhengigheit. Dette kurset blir gjennomført i samarbeid med LAR-behandlar og spesialsjukepleiar Iris Fleten frå Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen.
Begge kursa har samlingar ein gong i veka. Kvar samling varer 1 time og 45 minutt, frå kl 13.00 til 14.45, med 15 minutt pause.
Det eine kurset går over 20 gonger. Det andre kurset, som òg har fokus på avhengigheit av t.d. rus eller sjølvskading for å takle kvardagen, går over 22 gonger. Begge kursa er gratis.
Kvar samling får ein fast struktur med avspenning, oppsummering, undervisning og øvingar.
Kvar kursdeltakar må ha ein kontaktperson som følgjer dei opp individuelt medan kurset går. Alle som deltar forpliktar seg til å ikkje snakke om dei andre deltakarane utanfor kurset.
Når du har meldt di interesse for kurset, blir du og kontaktpersonen din kalla inn til ein samtale med kursleiar, for å kartlegge utfordringane dine og vurdere om kurset passar for deg.
Kursleiarar
- Kommunepsykolog Sanne Bach Skorpen
- Kommunepsykolog Ida Caroline Benestad
- Psykomotorisk fysioterapeut Vivi-Ann Moberg
- LAR-behandlar og spesialsjukepleiar Iris Fleten
- Sosionom og miljøterapeut Johanne Rotvik