SIO: Statleg finansiering av omsorgstenester

Helsedirektoratet gjennomfører eit forsøk med statleg finansiering av omsorgstenester (SIO-prosjektet). Målet med forsøket er å sjå om denne måten å finansiere omsorgstenestene på vil gi meir lik behandling på tvers av kommunegrensene og riktigare dekking av behov ved å fokusere på kva som er viktig for kvar enkelt brukar.

Kva er SIO?

Bakgrunn

Regjeringa ønskjer at staten skal ta eit større ansvar for å auke kvaliteten i omsorgstenestene og å sikre kompetanse og kapasitet i helse- og omsorgsektoren. Kommunane som er med i prosjektet får moglegheita til å påverke morgondagens omsorgstenester, og bidra til å skape auka likskap og betre kvalitet i tildeling av omsorgstenester. Forsøket omfattar alle omsorgstenester og brukargrupper. Forsøket blir følgjeevaluert av Agenda Kaupang/Proba samfunnsanalyse.

Det blir lagt til grunn bruk av kommunalt tilsette som har rett kompetanse.

Helsedirektoratet har utarbeidd kriterium for tildeling av tenester, og ein prismodell for utvalde tenester som inngår i ordninga. Kommunen vil halde fram å handtere tildelinga av tenester. Kommunen har ansvaret for at tenestene som blir tildelte kan skaffast, anten dette gjeld i eigen eller annan kommune, eller gjennom avtaler med private aktørar. Forsøkskommunane står ansvarlege for kvaliteten på tenestene, klagehandtering og tilsyn med tenestene.

Slik blir SIO finansiert

For kvar forsøkskommune blir det gjort eit uttrekk frå kommunen sitt rammetilskot, tilsvarande netto driftsutgifter til omsorgstenestene før oppstart av forsøket. Staten gir eit inntektspåslag tilsvarande 4 prosent av utgiftene.
Uttrekket blir justert årleg for pris- og lønsvekst og for estimert vekst i kostnader som skuldast endringar i demografi. I tillegg blir midlar frå toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester omdisponert årleg. Tilskot for omsorgstenestene blir i hovudsak gitt i form av ein aktivitetsbasert finanseringsmodell med statlege einingsprisar og eit mindre rundsumstilskot.

Roller og ansvar

Helsedirektoratet har fått i oppgåve å førebu og gjennomføre forsøksordninga.

Bjørnafjorden kommune har inngått ein avtale med Helsedirektoratet. Avtalen regulerer og beskriv kommunen og Helsedirektoratet sine roller og ansvar i forsøksperioden. Gjennom avtalen fråskriv Bjørnafjorden kommune seg fridomen vi er gitt gjennom kommunelova og helse- og omsorgslova til å innrette tenester slik det synest mest hensiktsmessig ut frå lokale tilhøve og behov. Avtalen fastsett at Helsedirektoratet har instruksjonsrett overfor Bjørnafjorden kommune og kommunen sine tilsette i spørsmål om tildeling, men at arbeidsgivaransvaret og ansvaret for helse- og omsorgstenesene framleis skal ligge hos Bjørnafjorden kommune.

Les meir om SIO-prosjektet på Helsedirektoratet sine nettsider.

Kontakt

Liv Eriksen Villeneuve
Prosjektleiar for SIO i Bjørnafjorden kommune
Mobil: 56 57 53 02
Til toppen