Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Behandlingsavdelinga på Luranetunet

Behandlingsavdelinga er for personar med behov for vidare behandling etter sjukehusopphald eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar òg imot heimebuande for avlastning eller medisinsk utgreiing.

Vi har eige SPA-rom med tilbod om velværestund.

Besøkande er alltid velkomne, avdelinga har ingen faste visittider.

  • Avdelingsleiar: Kari B. Johnsen
  • Tilsynslegar: Overlege Maren Nygard , Synnøve T. Skarstein

 

Kva kan vi tilby?

Målet for avdelinga er Alt til det beste for pasienten!
Vi har eit høgt kvalifisert fagpersonale med fokus på fag og etikk. Vi samarbeider med fysioterapeutergoterapeut, heimesjukepleiademenskoordinatorprestetenestakreftkoordinatorkolsteamdiabetesteam og kreftteam.

Vi er opptatt av å skape trygge rammer rundt pasienten og  pårørande i lyse og trivelige lokale. Kvardagen skal vere best  mogleg for kvar enkelt pasient. Dette skapar vi saman gjennom "det gode stell og samtale», ønskekost og tilrettelagde måltid, eit fint pynta bord, ferskt bakverk, humor, blomar, tur i Tropehagen, trimaktivitetar, musikk, bingo og andre aktivitetetar, i tett samarbeid med Frivilligsentralen.

Kven får plass på behandlingsavdelinga?

Personar med behov for vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering) eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar også imot heimebuande med behov for avlastning eller medisinsk utgreiing. Vi som arbeider på Behandlingsavdelinga har lang erfaring innan eit breitt spekter av ulike sjukdommar.  

Søk om opphald på sjukeheim/omsorgsbustad

Kva kostar tenesta?

For korttidsopphald inntil 60 døgn i institusjon betaler du døgnpris. Korttidsopphald utover 60 døgn og langtidsopphald blir rekna ut etter inntekt der forskrift for eigenbetaling gjeld.

Til deg som er pårørande

Pårørande er ein naturleg del av avdelinga og er alltid velkomne. Du er ein viktig ressurs for både pasienten og oss.
Vi ønskjer at du skal føle deg godt ivaretatt i ei vanskeleg tid, og gir gjerne rettleiing og støtte. Vi ønskjer å ha ein open dialog med pasienten og deg som pårørande, slik at alle partar skal føle seg trygge og velinformerte.
Vi har jamleg samarbeidsmøte/familiemøte kor vi planlegg vegen vidare med tanke på til dømes helsetenester, hjelpemiddel og matombringing.

Dei siste dagane og timane i eit liv ønskjer ein gjerne å tilbringe mest mogleg tid saman. Då er det mogleg å overnatte på eige rom hos oss.

Til toppen