Slik blir influensavaksineringa hausten 2022

Helsedirektoratet forventar ein stor influensabølgje på grunn av låg immunitet i befolkninga. Det er derfor ekstra viktig at risikogruppa og andre målgrupper tar årets vaksine.
Les meir om influensavaksine på fhi.no

Målgrupper for influensavaksine

Risikogrupper
  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustad
  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester
  • Prematurt fødde barn frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med følgjande sjukdomar/tilstand:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (ikkje ved velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft 
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg overvekt (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødd kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifiserte annan stad)
Andre målgrupper
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære til) immunsupprimerte
  • Alt helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta med pasientkontakt, inkludert tannhelsepersonell
  • Laboratoriepersonell som kan bli utsette for influensasmitte
  • Svinerøktarar og andre med kontakt med levande gris
  • Saneringspersonale som kan komme i kontakt med fugleinfluensasmitta tamfugl

Kor kan du ta influensavaksinen?

Personar i målgruppene kan få vaksinen hos fastlegen. Bestill time hos legen på vanleg måte. Sjukeheimsbebuarar vil få vaksinen der dei bur.
Helsepersonell vil få vaksinetilbod på arbeidsplassen, så langt det lar seg gjennomføre. Kommunen vil i tillegg gjennomføre massevaksinasjon for helsepersonell som ikkje fekk vaksinert seg på arbeidsplassen. Nærmare dato for dette kjem.

Kva kostar influensavaksinen?

Pasienten eller arbeidsgivaren må betale administreringskostnad for influensavaksine ved fastlegekontoret. Ta kontakt med fastlegen din for meir informasjon.

Personar som ikkje er i målgruppa kan få influensavaksine utan resept på apotek mot fullpris.

Til toppen