Kor kan du ta influensavaksinen?
Personar i målgruppene kan få vaksinen hos fastlegen. Bestill time hos legen på vanleg måte. Sjukeheimsbebuarar vil få vaksinen der dei bur.
Helsepersonell vil få vaksinetilbod på arbeidsplassen, så langt det lar seg gjennomføre. Kommunen vil i tillegg gjennomføre massevaksinasjon for helsepersonell som ikkje fekk vaksinert seg på arbeidsplassen. Nærmare dato for dette kjem.
Kva kostar influensavaksinen?
Pasienten eller arbeidsgivaren må betale administreringskostnad for influensavaksine ved fastlegekontoret. Ta kontakt med fastlegen din for meir informasjon.
Personar som ikkje er i målgruppa kan få influensavaksine utan resept på apotek mot fullpris.