Vaksinasjon av risikogrupper

Er du over 65 år, har du ein kronisk sjukdom eller er du gravid? Då bør du vurdere å vaksinere deg.

Personar i risikogrupper kan få vaksine mot sesonginfluensa, pandemisk influensa og andre sjukdomar/bakterier, som til dømes pneumokokk, hepatitt og BCG.

Målgrupper for influensavaksine

Risikogruppa:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Barn og vaksne med kronisk lunge- eller hjartesjukdom, diabetes, lever- eller nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar, svært alvorleg fedme

Spesielle nærkontaktar til risikogruppa:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenester som har pasientkontakt
  • Husstandsmedlemmar til immunsupprimerte pasientar

Ekstraordinær målgruppe:

  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Personar i målgruppene vil få vaksinen mot eigendel (unntak ved frikort) hos fastlegen eller dekka av arbeidsgivar. Andre innbyggarar kan få influensavaksine utan resept på apotek mot fullpris.

Ta kontakt med fastlegen din for meir informasjon.

Les også: Slik blir influensavaksineringa 2021

Til toppen