Kvifor jobbe i Bjørnafjorden kommune?

Klikk for stort bilete

Lyst på ein jobb med meining? Vi er alltid på utkikk etter flinke og engasjerte folk!

Vi blir fødde i staten, men lever resten av livet i kommunen.
Kommunen er ein stor og kompleks organisasjon som gir eit enormt mangfald av tenester til alle slags menneske, natt og dag, frå vogge til grav. Variasjonen i arbeidsoppgåvene i ein kommune er enorm - men felles for dei alle er at dei er viktige for kvar enkelt innbyggarar og for samfunnet vårt som heilskap. 

Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping.
Verdiane våre er: Vi lyttar med respekt. Vi finn smarte løysingar. Vi gjer det vi seier. Vi er inkluderande.

Folk

Vi skal legge til rette for trygge, stolte, likeverdige og engasjerte innbyggjarar og medarbeidarar.  

Fellesskap

Vi skal bygge nye fellesskap – små og store, internt og eksternt.

Framtidsretta kommune

Bjørnafjorden kommune skal vere nytenkjande, endringsvillig og yte treffsikre tenester.

Til toppen