Informasjon til deg som er nærkontakt til ein smitta person

For å vere rekna som nærkontakt, må kontakten ha skjedd mindre enn 48 timar før den smitta fekk symptom eller etter at symptoma braut ut.
Kontakten må ha vore under to meters avstand i meir enn 15 minutt eller direkte fysisk kontakt eller direkte kontakt med sekret. 

Dersom den smitta ikkje har symptom, reknar ein berre eventuelle nærkontaktar etter den positive testen. 

Vi skil mellom husstandsmedlemmar/tilsvarande nære og øvrige nærkontaktar.
Det er strengare reglar for dei som er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære. Øvrige nærkontaktar treng ikkje gå i karantene, men bør teste seg på dag 3 og 5 etter kontakt.

Dette skal du gjere

  • Test deg så raskt som mogleg med hurtigtest eller PCR-test på teststasjonen. Bestill test
  • Gå i karantene dersom du er husstandsmedlem/tilsvarande nær.
    • Øvrige nærkontaktar er unntatt smittekarantene, men bør teste seg på dag 3 og 5 etter sist nærkontakt med den smitta.

Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære

Husstandsmedlem og tilsvarande nære - kven er det og kva skal du gjere?

Husstandsmedlem eller tilsvarande nære er dei du bur saman med eller er så nære at dei kan sammenliknast med dei du bur med. Dette kan for eksempel vere kjærastar, bestevenner eller overnattingsbesøk.

Dersom du er i denne gruppa, skal du gjere følgjande når du får vite om smitten:

  • Test deg så raskt som mogleg med hurtigtest eller PCR-test på teststasjonen. Bestill test
  • Gå i karantene.
    Unntak:
    • Du treng ikkje gå i karantene dersom du har hatt korona siste tre månader
    • Du treng ikkje gå i karantene dersom du har fått 3. vaksinedose for min. ei veke sidan, men du må ta hurtigtest dagleg eller PCR-test annankvar dag

 

Korleis gjennomføre karantenen

Dersom du er i smittekarantene gjeld følgjande:

  • Opphald deg på ein eigna opphaldsstad eller i eigen heim.
    • På ein eigna opphaldsstad må du kunne unngå nærkontakt med andre, ha einerom, eige bad, og eige kjøkken eller moglegheit for matservering.
  • Ikkje gå på jobb, skule eller barnehage.
  • Ikkje reise.
  • Ikkje oppsøk stader der det er vanskeleg å halde nødvendig avstand til andre personar.
  • Ikkje ta offentleg transport, med unntak av om du må reise kollektivt til eigna karantenestad i Noreg, etter løyve frå kommuneoverlegen. Personar over 12 år må bruke munnbind.
  • Ikkje oppsøk offentlege stader, som butikkar, apotek og kafear. Om du ikkje har andre alternativ, kan du gå på nødvendig ærend i butikk eller apotek. Pass på å halde god avstand til andre.
  • Unngå å ha besøk. Barn skal ikkje ha leikekameratar utover dei som bur i same husstand.
  • Foreldre og barn kan gjennomføre samvær sjølv om ein av dei er i smittekarantene.

Du kan gå turar ute. Barn og unge bør ha moglegheit til leik, og du må gjerne gå ut og leike med barna minst éin gong om dagen. Hugs å halde avstand til andre.

 

 

Kor lenge skal du vere i karantene?

I utgangspunktet skal du vere 10 døgn i karantene, men:

  • Dersom du bur saman med den som er smitta, og du ikkje kan halde nok avstand, til dømes viss den smitta er eit lite barn, skal du begynne å telje dei 10 døgna etter 4 døgn.
    • Dette er fordi den smitta truleg er lite smittsam etter 4 døgn. Du kan såleis rekne med at du ikkje har vore utsett for smitte etter desse 4 døgna.
  • Den totale karantenetida di er 14 døgn (4+10).
  • Du kan velje å vere i karantene tida ut eller ta ein hurtigtest/PCR-test på teststasjonen etter 11 døgn (4+7). Dersom denne er negativ, kan du avslutte karantenen.
  • Dersom du bur saman med den smitta personen og er heilt skild frå den smitta, begynner du å telje dei 10 døgna frå sist du var nær den smitta.
  • Den totale karantenetida di er 10 døgn.
  • Du kan velje å vere i karantene tida ut eller å ta ein hurtigtest/PCR-test på teststasjonen etter 7 døgn. Dersom denne er negativ, kan du avslutte karantenen.

NB! Dersom du er i karantene og utviklar symptom på covid-19, skal du teste deg tidlegare.

 

Øvrige nærkontaktar

Øvrige nærkontaktar - kven er det og kva skal du gjere?

Øvrige nærkontaktar er dei du har nærkontakt med, men som ikkje er husstandsmedlem eller tilsvarande nær. Dette kan for eksempel vere kollegaer, klassekameratar eller middagsgjester.

Dersom du er i denne gruppa, skal du gjere følgjande når du får vite om smitten:

  • Du treng ikkje gå i smittekarantene, men bør ta to koronatestar etter nærkontakt med den smitta: Den første testen på dag 3 etter sist nærkontakt og den andre testen på dag 5. Dersom du testar positivt skal du i isolasjon og følgje reglane for det.

 

Unntak frå smittekarantenen

Dersom du har hatt covid-19 i løpet av dei siste 3 månadane

Alle som har gjennomgått covid-19 dei 3 siste månadene er unntatt smittekarantenen. Dette gjeld frå du er avisolert og til det har gått 3 månader frå du testa positivt.

Dersom du har fått oppfriskingsdose av koronavaksinen

Alle som har fått oppfriskingsdose (tredje dose) av koronavaksinen for over 1 veke sidan er unntatt smittekarantenen.

Er du husstandsmedlem eller tilsvarande nær, må du også teste deg kvar dag med hurtigtest eller annankvar dag med PCR-test i 7 døgn for å vere unntatt frå smittekarantenen.

Dersom du har ein kritisk samfunnsfunksjon

Personar som er strengt nødvendige for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar eller ivareta befolkninga sine grunnleggande behov, kan få unntak frå smittekarantene i arbeidstida ved å teste negativt på hurtigtest same dag som arbeidet skal gjennomførast. Personen må vere fullvaksinert og bruke munnbind for å få unntak.
 

 

Til toppen