Informasjon til deg som er smitta av covid-19

Har du testa positivt på hurtigtest?

Ta kontakt med smittesporingsleiaren i Bjørnafjorden kommune på telefon 908 34 884.
Positiv hurtigtest skal bekreftast med ein vanleg test (pcr) på teststasjon. Slik går du fram for å bestille koronatest på teststasjonen.

I mellomtida skal du gå i isolasjon.

 

Når du er i isolasjon gjeld dette

Dersom du har testa positivt på ein koronatest skal du isolere deg.

Når du er i isolasjon gjeld dette:

  • Hald deg heime heile tida og ikkje gå ut. Du kan vere i eigen hage eller på eigen balkong, veranda eller terrasse.
  • Be om hjelp frå andre til nødvendige ærend.
  • Hald helst minst to meters avstand til dei du bur saman med.
  • Ha eige rom og bad når dette er mogleg. Bruk eigne baderomsartiklar, inkludert eige handkle.
  • Du bør få maten levert til rommet eller vere åleine på kjøkkenet.
  • Du og dei du bur saman med må vere nøye med hand- og hostehygiene for å unngå å smitte andre i husstanden.
  • Du og husstanden din kan ikkje ha besøk.
  • Barn og ungdom har behov for omsorg, sjølv om dei har koronasykdom.
Opphaldsstad for isolasjon

Du skal isolere deg i heimen, på eigna opphaldsstad eller eventuelt i helseinstitusjon.

Dersom kommunen vurderer at du ikkje kan gjennomføre isolasjonen heime, skal kommunen tilby opphald på annan eigna stad. Kommunen kan også bestemme at dei som den smitta bur saman med må opphalde seg på ein annan eigna opphaldsstad. I begge tilfelle skal kommunen dekke kostnadane.

Kommunen skal syte for at personar i innreisekarantene på karantenehotell som blir bekrefta smitta med korona snarast mogleg får ein eigna opphaldsstad for å gjennomføre isolasjon.

Kor lenge må du vere isolert?

Har du symptom på koronasjukdom? 
 kan du avslutte isolasjonen når det har gått minimum 6 døgn frå tidspunktet symptoma starta og du har vore feberfri i minst 24 timar utan å bruke febernedsettande medisin. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje.

Har du ikkje symptom på koronasjukdom?
Då kan du avslutte isolasjonen når det har gått 6 døgn frå tidspunktet du tok den positive covid-19-testen. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje.

Du kan avslutte isolasjonen sjølv om andre i din husstand framleis er i isolasjon eller karantene. Du skal ikkje ta koronatest for å avslutte isolasjonen - og heller ikkje dei neste 3 månadene. Dette er fordi ein test sannsynlegvis vil slå positivt ut, sjølv om du ikkje lenger kan smitte andre.

For personar på sjukehus eller som går på immundempande behandling, kan kravet om isolering vere lengre.

Har du restsymptom?
Restsymptom er symptom som er att etter at isolasjonstida er over. Det kan vere tap av/endra smak- og luktesans, hoste, tung pust og nedsett allmenntilstand. Desse symptoma går som oftast over av seg sjølv etter litt tid.

Så lenge du har gjennomført isolasjonstida og vore feberfri i 24 timar utan bruk av febernedsettande medisin, er det greitt å ha enkelte restsymptom.

Dersom du føler deg sjuk, bør du halde deg heime til allmenntilstanden din er betre.

 

Varsle nærkontaktar

Du må varsle nærkontaktane dine om at dei må gå i karantene. Les meir om kven som er nærkontaktar og kva reglar som gjeld.

Til toppen