Alle som er vaksinert eller immun etter gjennomgått covid-19 kan bestille koronasertifikat.
Sertifikatet består av to delar:
- Koronasertifikat for innanlands bruk
- Koronasertifikat for å passere grenser i EU- og EØS-område
Koronasertifikat klart i EU/EØS-versjon
Treng alle koronasertifikat?
Det er kun dersom du skal reise til land som krev koronasertifikat for innreise at du treng å bestille dette. Koronasertifikatet sikrar deg at du slepp karantene når du reiser inn i Norge. Deltaking på enkelte større arrangement eller reise med kystcruise kan også ha krav om koronasertifikat.
Les meir om koronasertifikatet på helsenorge.no
Digitalt koronasertifikat på helsenorge.no
Alle som kan skal nytte den digitale løysinga på helsenorge.no. Har du ikkje tilgang til helsenorge.no kan du gi andre fullmakt til å skrive ut ditt koronasertifikat. Det digitale koronasertifikatet vil oppdatere seg automatisk og har 90 dagars gyldigheit til ein kvar tid. Du kan laste ned ditt digitale koronasertifikat på din mobiltelefon eller nettbrett. Det er ikkje nødvendig å skrive ut sertifikatet dersom du har dette digitalt. Ønskjer du likevel ei utskrift, må du ordne dette sjølv.
Les om koronasertifikat for ikkje-digitale brukarar på FHI sine heimesider