Siste nytt om koronaviruset i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter. 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.

Sjå oversikt over talet på covid-19-tilfelle i Bjørnafjorden kommune i MSIS - Folkehelseinstituttet sin statistikkbank over smittsame sjukdommar.

Sjå informasjon om koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Helsemyndigheitene anbefaler ny oppfriskingsdose i løpet av mars/april til aldersgruppa 75 år + og til sjukeheimsbebuarar.

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt med behandling med tablettar.
Tablettane Paxlovid reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk.
Paxlovid er ikkje eigna i kombinasjon med ein del sjukdomar og andre medisinar, derfor er det opp til legen å vurdere om det er rett behandling for deg.
 

Førebyggande helseteneste i Bjørnafjorden kommune tilbyr koronavaksinering av barn på måndag, 19. desember, frå kl. 14-15, Osøyro helsestasjon i 1. etasje i Bjørnafjorden rådhus.

Tilbodet er i første rekke retta mot barn med alvorleg grunnsjukdom.

Bjørnafjorden kommune har mottatt den oppdaterte koronavaksinen Comirnaty Original/Omicron BA.4-5.
- Det er denne vaksinen som beskytter best mot smitte - og truleg òg mot alvorleg sjukdomsforløp - av den dominerande omikron-varianten av koronaviruset, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

FHI anbefaler fjerde koronavaksinedose til alle over 65 år. No anbefaler dei òg personar mellom 18 og 64 år med risiko for alvorleg koronaforløp å ta fire vaksinedosar.
Ungdom mellom 12 og 17 år med alvorleg grunnsjukdom blir anbefalt å ta tre dosar koronavaksine.
 

Då har kommuneoverlege Klaus Melf ei klar oppmoding til deg:
- Ta fjerde vaksinedose! Vi forventar ei kraftig haustbølge av koronasmitte, og det er ingen grunn til å utsetje vaksinedosen, seier han.

FHI anbefaler no fjerde dose koronavaksine til alle personar over 65 år. Det blir ny runde med massevaksinering for alle over 65 år som ønskjer fjerde vaksinedose i Oshallen og Fjord'n senter neste onsdag, 7. september.

Dersom du er under 65 år og manglar 1.-3. dose, kan du òg komme til massevaksineringsstasjonane.

 

Helse- og omsorgsdepartementet har avgjort at koronateststasjonane kan avviklast frå 1. juli 2022.

 

Mange skal utanlands på ferie i sommar, og treng koronasertifikat ved innreise. Koronasertifikatet viser om du har fått koronavaksine og/eller har fått påvist og registrert korona med PCR-test. Krava til koronasertifikatet kan variere frå land til land, så det er viktig at du undersøkjer kva som gjeld før avreise.
 

Barn og unge i alderen 12 til 15 år kan få inntil to dosar koronavaksine. 

Kontakt

Koronatelefonen Bjørnafjorden kommune
Måndag og torsdag, kl. 13.30-15.30
Telefon: 47508412
Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
Telefon: 81555015
Til toppen